jan 122017
 
Fullstrukturerte ”Østerbris” nytte særleg godt av kolmulefiskeria i 2016. Arkivfoto.

Fullstrukturerte ”Østerbris” nytte særleg godt av kolmulefiskeria i 2016. Arkivfoto.

Rettnok kan ikkje fjoråret heilt måla seg med rekordåret 2011, men går likevel inn i historiebøkene som eitt toppår, mellom anna grunna den låge kronekursen.

 

Ein av dei som er aller mest nøgd med fiskeria er ”Staaløy”-reiar Hans Magnus Drønen. I fjor kjøpte han kvoter, slik at han no har ein kystbåt som er nærast fullstrukturert.

– Det vart ein stor oppgang med ein gong, noko som særleg mannskapet nyt godt av. Sjølv sit eg jo att med meir gjeld, skjemtar den joviale reiaren frå Hundvåkøy.

Ole Christian Olsen i Olsen Management, som driftar fiskebåtane ”Nordervon”, ”Norderveg” i ringnót og ”Kremmervik” i SUK-segmentet oppsummerer 2016 med at prisane var høge, spesielt for mjøl og olje, medan det samstundes var små kvotar. Valutasituasjonen og eit sug i marknaden meiner han var med på å pressa prisane oppover.

Østerbris toppar

Hos Østerbris noterer dei seg særs gode innteker, sidan dei er øykommunen sin einaste fullstrukturerte ringnótar. I tillegg har dei ein ekstra kolmulekonsesjon.

– Den store skilnaden mellom 2011 og fjoråret var at me ikkje hadde kolmulefangstar for fem år sidan. I fjor var det 5000 tonn som skulle fangast, og det gav gode resultat. I tillegg kom særs høge makrellprisar og me fekk eit puff i rett retning, seier Olav O. Østervold til lokalavisa. Valet om å strukturera opp ringnótaren deira vart gjort då kvotetaket vart heva.

– No ser me oss ikkje attende, men tida får visa om det var eit korrekt grep av oss, seier Olav O. til lokalavisa. Hundvåkarane gjekk òg inn i linegruppa ved kjøp av ”Geir” som etterkvart vart teke over heilt og fullt og døypt om til ”Østerfjord”. Dette fiskeriet gav inntekter på 40 millionar etter overtakinga.

– Me satsar på at det vert austevollske arbeidsplassar om bord etterkvart som det vert naturleg avgang blant det gamle mannskapet. Så langt er to lærlingar frå Austevoll vidaregåande skule det me har av lokalt mannskap om bord, seier Olav til Marsteinen.

Total fiska den havgåande fiskeflåten med H-AV i baugen for formidable 1,6 milliardar kroner. For fiskeflåten som heilskap kjem snøkrabbebåtane og dei mindre fartøya i kystflåten og leppefiskarane i tillegg.

Fartøyoversikta kan du finna her: (NB! Summen av fiskeria i 2016 var 1,631 milliardar kroner, summen i tabellen i avisa vart ved ein inkurie ikkje retta opp).