jan 192017
 

 

Eskil Bunes Andersen er ein vaskeekte brannhelt. I går vart han heidra av overbrannmeister Hans Petter Bjånesøy.

Eskil Bunes Andersen er ein vaskeekte brannhelt. I går vart han heidra av overbrannmeister Hans Petter Bjånesøy.

– Ikkje berre gjorde du alt rett då brannalarmen gjekk, du sparte brannvesenet for ei utrykking midt på natta, sa overbrannmeister Hans Petter Bjånesøy til Eskil Bunes Andersen.

 

I går vart Eskil (10) overraska i skuletida, då overbrannmeisteren kom for å heidra guten. Natt til tysdag gjorde han alt rett då røykvarslarane heime byrja å gje lyd frå seg.

– Mamma og pappa var litt tussete, og hadde gløymt å ta av plata på kjøkenet.

Slik byrja Eskil forteljinga si for medelevane sine i femtetrinnet ved Selbjørn skule, som lydhøyre sat og fylgde med. Rundt klokka 02:30 natt til tysdag, byrja røykvarslarane å pipa heime hos familien ved Bekkjarviksundet.

– Eg sette meg opp i senga og tenkte fyrst at det var småsyskena mine som tulla seg, men så kom eg på at mamma seier eg alltid må gje beskjed når røykvarslaren går.

Tiåringen, som snart kjende røyklukta som spreidde seg frå kjøkenet, fôr opp og fekk vekt foreldra i ein fei. Alle i huset låg og sov, det var berre Eskil som vakna av alarmen.

Les heile saka på PDF.