jan 192017
 
Ingvild Kaland og Elise Heggen har vore på AUF-samling på Austlandet. Foto: Severin Tøkje

Ingvild Kaland og Elise Heggen har vore på AUF-samling på Austlandet. Foto: Severin Tøkje

AUF-sjelene Elise Heggen (16) og Ingvild Kaland (16) deltok i helga på valkampsamling i regi av AUF, Arbeidarpartiet sin ungdomsorganisasjon. Her var politisk elite og foredragshaldarar klare til å drilla ungdommane i korleis ein driv valkamp.

 

Dei politiske engasjerte sekstenåringane vendte nasen spent mot Hamar, då dei skulle læra om  valkampdrift denne helga. Dei to delegata frå Arbeidarpartiet sitt ungdomsparti, reiste torsdagskvelden med nattoget, der dei vart introduserte til resten av Hordaland si AUF gruppe. Politikken byrja allereie på toget.

– Her kom me i kontakt med fleire AUF-medlemmar, blant anna nokre som hadde røter i Austevoll, seier Elise Heggen engasjert. Ungdommane kan fortelja om ein lang togtur, der det var nok av tid til å verta kjent med sidemannen.