jan 202017
 

– Hadde Rema 1000 skifta namn til Marcus og Martinus, ville me kjøpt heile butikken.
Slik forklarar Maja Olsson Bjånes (11) kor galne veninnegjengen er etter Marcus og Martinus-effektar.

To fjorten år gamle tvillinggutar er alt som betyr noko for søstrene Emma Sophie (11) og Kathrine Otterå Hjørnevik (9).
– Eg tenker på dei heile tida, og på skulen er det berre dei me snakkar om. Nokre av songane får meg til å skjelva, seier Emma Sophie. Veslesystera er ikkje mindre sparsam på kjærleikserklæringane.
– Eg ville ha ofra livet mitt for Marcus og Martinus. Eg elskar dei så uendeleg høgt.
På senga til Emma Sophie – som har dynetrekk med duoen på – sit ein heil veninnegjeng og syng ein av hitane, Ei som deg. Alle har MM-effekt på seg, nokon i større grad enn andre. Hettegenserar, t-skjorter, huer og armband er nokre. Hedda Mortvedt Haugsmyr (11) har høyrt at det skal ha kome MM-sko og MM-parfyme òg.
– Er det sant? Den parfymen må eg ha, utbryt Emma Sophie og får gjenklang i dei andre.
Kva om parfymen ikkje luktar godt, undrar eg.
Maja Olsson Bjånes ler.
– Det bryr ikkje me oss om. Me elskar alt som har med Marcus og Martinus å gjera. Hadde Rema 1000 skifta namn til Marcus og Martinus, ville me kjøpt heile butikken.

Les meir om jentene og kjærleiken til Marcus og Martinus i Marsteinen neste veke.

May Linn Clement