jan 262017
 

Hoggormfisk (Chauliodus sloani) er ein av artane som bur langt nede i djupet, og som kan utgjera store ekstrainntekter og vera ei kjelde til marint protein i framtida – om det er store nok konsentrasjonar av han i djupna. Foto: Havforskingsinstituttet.

Fiskeslag som held til i havdjupet kan gje klingande mynt til ringnótnæringa, dersom viktige kodar vert knekte når det gjeld fangst og lagring om bord.

 

Stig Østervold er ein av få austevollingar som har røynsle med fiskeri etter mesopelagiske fiskeslag, som lysprikkfisken. Forskarane har kome til at det finst store mengder av dei små skapningane i djupet, men er samstundes usikre på om dei står i konsentrasjonar som er mogleg å driva kommersielt fiske på.

Østervold fortel at fiskeria han var med på for snart 30 år sidan var krevjande. Ein tur gjekk frå New Foundland i 1989, der det viste seg å vera vanskeleg å få opp fisken. Året etter var det ingenting å finna. At ”Haugagut”, fiskebåten der han er bas, har skaffa seg løyve til prøvefiske på artane er likevel ikkje tilfeldig.

– Me ligg for mykje til kai, men det er neppe gjort i ei handvending å få skikk på bruk og konserveringa som må til, seier Østervold. Han peikar spesielt må at fisken vil vera krevjande å få å trålen. Medan til dømes kolmule vert skremd inn i trålen, er dei mesopelagiske fiskeslaga meir daude i sjøen, meiner han.

Les resten av saka på PDF eller papir i dag.