jan 262017
 

Doktor Sverre Rørtveit. Arkivfoto.

Doktor Sverre Rørtveit si sterke interesse for akuttmedisin og systematisk arbeid førte bakvegen til eit doktorgradsarbeid, med praktiske konklusjonar.

 

Doktor Sverre Rørtveit (67) har teke doktorgraden på akuttmediske tilstandar i distriktskommunen vår. Konklusjonen er rett så handfast.

– Legen må vera med ut dit pasienten er. Det er ikkje ei oppgåve berre for ambulansepersonell, som må fylgje prosedyrane sine og syte for transporten, seier Sverre Rørtveit. I løpet av to år (2005-2007) systematiserte han dei akuttmedisinske hendingane i kommunen, og fann at det var 62 ulike diagnosar, og at det ved utrykking ofte låg føre informasjon om pasient sin tilstand som viste seg å ikkje vera som rapportert.