jan 262017
 

L.Andy kallar hen seg, austevollingen som framover vil krydra lokalavisa med éinrutene sine.

 

L.Andy er namnet på den lokale ruteteiknaren vår. Namnet og namnet, det er snarare eit pseudonym – men òg eit ordspel. Det vert nemleg uttala Elendi.

 

Utstyret er fattigsleg. Ein gråblyant, eit visklær, tynt kopipapir, og fargeblyantar. Eit gratis fargeleggingsprogram på datamaskinen. Den analoge teiknepennen av type Pilot V5 Hi-Tecpoint er nok det mest kostsame blant teiknesakene til L.Andy.

– Man tager vad man haver, seier teiknaren, som eg vel å gje det kjønnsnøytrale pronomenet hen.

– Eg er heilt nybegynnar når det kjem til teikning, men eg har lenge vore tilhengjar av ordspel og denne type ruteteikningar. Larsons gale verden og Rutetid likar eg.

I ei notisbok har L.Andy notert idéar hen har kome på gjennom ei årrekkje.

– Skriv eg det ikkje ned med det same, er idéen vekke. Då går han heller inn i gløymeboka, seier L.Andy. Det er ingen som veit at hen teiknar, ein syssel som gjerne let seg foreina med musikklytting på kveldstid, i staden for å lata fjernsynet sluka tida.

Til no har L.Andy rundt tjue éinrutersteikningar klare for publisering.

­

av May Linn Clement