jan 262017
 

June Lie fekk Kero velberga med seg heim etter nesten eitt døger på vidvanke på Loddo. Foto: Privat.

 

Under ein tur på Loddo, kom den to år gamle rottweileren Kero vekk frå eigarane sine.

Hjelp via ei lukka facebookside for hundeeigarar i Austevoll vart redninga.

– Eg er overraska over det store engasjementet til personane i gruppa. Hadde det ikkje vore for dei, er eg redd me ikkje hadde funne Kero att, seier June Lie (24) til Marsteinen.

Saman med svigerfamilien sin var ho på hyttetur i Austevoll førre helg. I eittida på laurdag gjekk familien på tur til Loddo, og fleire hundar var med. Då dei skulle ned att fekk Kero (2) springa litt saman med ein annan rottweiler. Plutseleg var han borte.

– Me høyrte han bjeffa, og eg sprang i retninga av lyden. Men han var vekk.

June, som hadde med seg sonen på halvtanna år, gjekk saman med svigermora attende til hytta. Attende var fleire i fylgjet og leita etter Kero.

Resten av saka får du i avisa i dag.