feb 012017
 

Ferievikarar ved Austevoll po-senter 

Aleris Omsorg A/S

Aleris Omsorg, avd. Austevoll søkjer etter ferievikarar i perioden: 19.06 – 14.08.17.

•Me treng helsepersonell som sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og andre med helsefagleg bakgrunn.

•I tillegg treng me assistentar og reinhaldarar, og ein ferievikar som kan arbeida på hovedkjøkenet som lager

middagar etter kok-kjøl prinsippet.

Det er ein forutsetning at nye vikarar kan arbeida minimum 4 veker i ferieperioden.

• Austevoll Pleie- og omsorgssenter er plassert sentralt på Storebø i fine lyse lokale og har totalt 46 plassar fordelt på 5 avdelingar.

•Heimetenesta har sitt hovedkontor på Storebø, med pauserom i Bekkjarvik, og alle som skal arbeida i heimetjenesta må ha sertifikat.

Det er ein forutsetning at alle som skal arbeida ved Aleris Austevoll meistrar norsk skriftleg og munnleg godt.

Frå 01.01.17 vert det kravd gyldig politiattest (ikkje eldre enn 3 mnd) for alle som skal jobba innan helse og omsorg.

Send søknad om å være ferievikar på e-post, og aktuelle søkjarar får bekrefting på formål med politiattest fra oss.

Aleris sine overordna verdiar er styrande for vår organisasjon, og vårt verdigrunnlag vert forkorta – OPEN og står for Omtenksame – Profesjonelle – Engasjerte – Nytenkande. Det er gjennom vårt engasjement, vår omtenksamheit, profesjonelle haldning og nytenkning at Aleris’ sine tenester skal skapast.

Det er viktig at våre medarbeidarar/vikarar på bakgrunn av våre verdiar kjenner arbeidsglede og har gode forutsetningar for å gjera ein kvalitetsmessig god jobb for våre bebuarar og brukarar. Måten me behandlar andre på går igjen i alt me gjer, og på sjukeheimen må den personlige behandlinga væra like god heile døgnet, uavhengig av kven som er på jobb. Å via kvart møte full merksemd er ein del av vårt felles ansvar.

Aleris er eit relativt ungt foretak som er i kontinuerlig utvikling. Me ynskjer å væra tydelege med omsyn til kva me har å tilby, men óg om kva som vert forventa av våre medarbeidarar, slik at alle føler at jobben er gjevande og utviklande.

Aleris Omsorg kan tilby:

– Interessante arbeidsoppgåver i eit positivt arbeidsmiljø

– Løn etter tariffavtale

– Turnusarbeid; Det vil sei arbeid på dag, kveld, natt og helg

Nærare opplysningar om stillingane får ein ved å kontakta:

Daglig leiar Iren S. Melingen tlf 900 73 758

eller via e-post iren.s.melingen@aleris.no

eller til fagleiar Kjersti Søderberg tlf 957 42 486.

Søknad skal sendast til:

Fagleiar: Kjersti Søderberg – kjersti.soderberg@aleris.no

Søknadsfrist: 1. mars 2017.