feb 022017
 

Svein Ove Rabben i Steen-Hansen konstaterer at det er utfordrande og stimulerande å ha hårete mål for notimpregneringane til selskapet.

Svein Ove Rabben gjekk frå oppdrettsbransjen til målingsprodusenten Steen-Hansen. Men spranget er mindre enn du skal tru: Impregneringsstoff til oppdrett er blant kjerneprodukta til bergenfirmaet.

 

Vintersola har teke tak i fabrikk- og administrasjonsbygga til Steen-Hansen på Midtun. I dag skin sola i dobbelt forstand: Det er kaffi og kaker, jamvel te å henta i kantina etter at verksemda får millionstøtte for å vidareutvikla merdimpregneringa si. Smilande i sjefstolen i andrehøgda sit Svein Ove Rabben, som sjølv tok steget frå ein særs travel kvardag i Egersund net då tidlegare direktør og eigar Jarle Steen-Hansen ynskte å trappa ned.

– Det nettopp på grunn av bakgrunnen min og at Steen-Hansen ville satsa tungt på oppdrettsnæringa eg vart henta til jobben for fem år sidan. Det er vorte nokre år, og selskapet har bite seg fast i oppdrettsfeltet. Austevollingen forklarar at det ikkje er eit altfor stort steg frå å produsera måling til å utvikla produkt som skal hindra at det gror på nøtene til oppdrettarane.

Resten av saka får du på papir eller PDF.