feb 022017
 

Illustrasjonsfoto: iStockphoto.com.

Det er ein hard batalje om daglegvarekundane etter at Coop etablerte seg på Storebøportalen. På Rema 1000 gler dei seg over konkurransen.

 

På Rema 1000 på Storebø konstaterer butikksjef Tom André Harestad at dei er kringsette av Coop-butikkar. Han seier ikkje nei takk til konkurransen.

– Det er nok rett å seia at me er i ein lågpriskrig med konkurrentane, seier Harestad, som òg peikar på at det har vore krevjande med mediaoppslaga om besteven-strategien til selskapet, der mindre leverandørar av mellom anna øl er bytta ut til fordel for ein hovudleverandør. Effekten i Austevoll har likevel ikkje vore målbar, meiner Harestad.

– Me har rettnok fått mange spørsmål om strategien, og om me her lokalt ikkje skal selja Hansa-ølet lenger. Det vil me naturlegvis, poengterer den unge siddisen som har klippetru på kjeda sine konsept. Over tid vil òg besteven-konseptet verta ein suksess, meiner han.

Øystein Kahrs som er administrerande direktør for Coop Hordaland fortel at kjeda er i god rute for å nå dei måla dei har sett seg i Austevoll.

– Marknaden er som forventa. Det er hardt arbeid, gode prisar og trivelege tilsette som tel, seier Kahrs til Marsteinen. Han legg til at dei har ein utmerkt butikksjef i Marianne Horseng, og poengterer kor viktig det er å vera på tå hev.

Meir les du her.