feb 092017
 

Marsteinens utsende i full sving med å fanga reinsimla Hege Johansen, til stor lått blant barna på småtrinnet.

Småskulen på Selbjørn markerte samefolkets dag med utekos og stasjonar. Jamvel Marsteinen fekk prøva seg på lassokasting.

Det er langt frå dei uendelege flatene på Finnmarksvidda til dei småkuperte liene bak Selbjørn skule. Når samane sin nasjonaldag skal feirast, vert liene danderte med sameflagg og dufta av grillvæske og svidde pølser fyller nasebora.
– Samane var her lenge, leeeenge før me kom oppifrå Danmark og Tyskland, seier lærar Hilde Haraldseid, Selbjørn skule sin autoritet på urbefolkningar til elevane som har sett seg i det naturlege auditoriet.
– Danmark og Tyskland? Det trur eg ikkje på, kjem det frå ein av karane i flokken på kring 90 elevar.

Les heile reportasjen i Marsteinen. Avisa kan du kjøpa her.