feb 092017
 

Torill Marit Husavik har bestemt er på jakt etter eit strikk, og landar på ei Nancy-trøye til barnebarnet. Elisabeth finn fram mønster og nok tråd til prosjektet.

Kva seier orda Sterk, Pus og Heksa deg? Ingenting? Då kjenner du neppe til Strikkebua.

Vegen dit er ikkje så vanskelig. Du tek berre tre rette, ein vrang og så ein omgang rett, så er du er. Neidå. Du går mot Fleskaryggen, rett fram til du ikkje kjem lenger. Eit åttekanta uthus som i utgangspunkt var meint som ei reiskapsbu for mannen hennar, vart heller ei reiskapsbu for Elisabeth Addington. Her finn du ikkje hagereiskaper eller verktøy til å skifta dekk med, men pinnar og tråd til å helda varmen med. Det er fire år sidan Strikkebua opna, og eg trur ikkje eg tøyer strikken om eg slår fast at dette er den koselegaste butikken på øyane.

Bli med journalist May Linn inn i Strikkebua! Heile saka kan du kjøpa her.