feb 102017
 

Iselin Hvidevoll syng om å klippa til tonane i Pepperkakebakesangen, og Eirin Forland Kleppe konsentrerer seg djupt i prosjektet morsdagskort – eller farsdagskort til mor, som ho seier sjølv.

– Mamma blir glad når ho får farsdagskort, seier Eirin.
Men nåde barna om dei tek på det nye bordet til Harriet si mor.

Sakser går trutt og tusjane formar hjerter og fine ord når barna i Hummarbasen ved Bekkjarvik maritime FUS barnehage skal laga kort til mamma.
– Ingen på denne basen er nye. Alle er gamle. Joakim var ny før, men ho er han òg vorten gamal, gjer Tobias Veivåg Helland meg observant på. Mora hans er forresten av den alvorlige typen.
– Mi mamma ler aldri, seier han. Gapet er dermed stort til Eirin Forland Kleppe si mor:
– Mi mamma ler av og til så mykje at ho tissar i buksa. Ho klarar ikkje helda seg, fortel Eirin.

Fleire gullkorn frå barna på Hummarbasen finn du på baksida av Marsteinen denne veka!