feb 142017
 

Kantinemedarbeidar

Ved Austevoll vidaregåande skule er det ledig

vikariat 50% stilling som kantinemedarbeidar.

Det er ynskjeleg at den som søkjer har fagbrev som kokk/institusjonskokk og har relevant praksis. Arbeidsåret følgjer skuleåret.

Tilsetjing: 24.04.17 – 30.06.18.

Arbeids- og lønnsvilkåra som for tilsette i Hordaland fylkeskommune.

Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggja fram politiattest. Hordaland fylkeskommune tek atterhald om at interne søkjarar kan ha fortrinnsrett til stillinga. Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Søknadsfrist: 9. mars 2017.

Søknad vert å senda til Austevoll vidaregåande skule, 5392 Storebø.

Meir informasjon om stillinga kan ein få ved å kontakta:

Rektor: Vivian Bjånesø Horgen, tlf 56 18 20 08 eller

Avdelingsleiar: Helga T. Rabben tlf 561820 07.