feb 162017
 

 

Kommuneoverlege Inger Uglenes ved kontoret til legevaktslegen, som får eit strøk måling frå målar Kim Bergfjord.

Det er ikkje berre legar, helsesystrer, fysioterapeutar og andre helsearbeidarar som har grunn til å gleda seg til kommunen sitt helsehus opnar: Brukarane får òg betre tenester. 

Legar, ergo- og fysioterapeutar, sjukepleiarar og helsesekretærar. Jordmødre, psykologar, pedagogar, logoped, kiropraktor, sosionom, helsesøster, legevakt, barnevern i tillegg til at NAV kjem i øvste etasjen på det nye helsehuset som er i ferd med å verta klart for innrykk om like under to veker.

– Me lagar ei klynge med helsearbeidarar – og verdas beste arbeidsplass. Det vil gje vinstar for pasientane, men òg kunna skapa god trivsel for dei som arbeider innanfor feltet, seier kommuneoverlege Inger Uglenes entusiastisk medan ho viser lokalavisa rundt i bygget, som nærmar seg ferdigstilling. Enno er det Glava og ikkje pasientar som kjem inn døra til legevakten, men overtakinga skjer tidleg i vinterferieveka, og truleg vil dei seks legane vera klarte til å ta i mot pasientar allereie torsdag om to veker.

Les meir på PDF i dag.