feb 172017
 

Ivar Bjørnson og Einar Selvik er komponistane som tek med seg tingingsverket Hugsjá til Hengjo på forsommaren. Foto: Ester Segarra

Einar Selvik frå Wardruna har skrive musikk til Vikings-serien saman med Ivar Bjørnson frå Enslaved. I juni ventar konsert av tingingsverket Hugsjá i sjølvaste Hengjo.

 

Utanlands har det vore ei massiv interesse for norrøn historie i 20-30 år, og etter at serien Vikings gjekk på lufta har talet på entusiastar eksplodert. Einar Selvik, som har skrive mykje av musikken til Vikings, kjem til Hengjo med bestillingsverket Hugsjá – og har førebudd seg godt.

– Den gamle musikken har henta inspirasjon frå naturen og landskapet kring oss, dette er på mange måtar universelt. Bestillingsverket framfører me i Grieghallen den 31. mai, og tek han med fire nye plassar, der me tilpassar det lokalt, seier Einar Selvik til Marsteinen.

– Sjølv om det er få skriftlege kjelder frå Bekkjarvik før på 1600-talet, ser me på fornminne og spesielt gravrøysene på Kongsen at det har vore ein viktig stad, ettersom dei har vore synlege frå skipsleia, poengterer Selvik. Fornminnet frå bronsealderen er dermed med i førebuingane til medkomponist Ivar Bjørnson, Selvik og resten av ensemblet.

 

Fram frå skamma

Norrøne symbol, historie og mytologi er i ferd med å komma fram frå skammekroken, etter at nazistane på 1930 – og ’40-tallet hadde trykt denne delen av historia til brysta sine.

– Når den internasjonale interessa er vorten så stor, kan me trygt trekkja fram Vikingtida att. Og no gjerne utan at me ser det gjennom det religiøse sløret frå ein tysk eller britisk munk eller verta tillagt politisk farge, seier Selvik. Sjølv kjem han til å traktera ei rekkje instrument med historie som strekkjer lengre bak enn middelalder og vikingtid. Lyre, taglharpe, bukkehorn og fleire andre instrument frå rett så gamle tider vert smelta saman med nyare instrument som gitar, hardingfele, tangentar og perkusjon.

– Musikken vert nok sjangeroverskridande, slår Selvik fast om tingingsverket Ivar Bjørnson og han sjølv arbeider med. Bjørnson er kjent frå dei hardtslåande rockarane i Enslaved, utan at det treng å komma fram i lydbiletet i Hengjo.

Ambisjonen med prosjektet er uansett klar.

– Me håpar at folk kan gå frå konserten å sjå på nærområdet sitt og historia si på ein litt ny måte, slår den historieinteresserte musikaren og komponisten fast.

 Av Trond Hagenes