feb 162017
 

Det er ei skamsk kjensle over plakaten og pressefotoet til Kolbeinsvikrevyen i år. Om Eline Møgster, Veronika Møgster, Trine Møgster, Mona Hausberg, Lone Møgster, Sølvi Hausberg og Dorthea Møgster her skal på fest med Penetrators-gutta eller revykollegaane Sigve og Rune Drønen, skal vera uvisst. Fotoet er levert av revygruppa sjølve.

Dei held korta tett til brystet, eller rettare sagt; Manus og køyreplan ligg ikkje og sleng.
– Ingen får sjå sketsjane våre før generalprøven dagen før det brakar laus, seier damene frå Kolbeinsvikrevyen.

Etter å ha teke pause i 2016, jobbar revygjengen i Kolbeinsvik med eit nytt show. Om ein månad er dei skammeleg klare for å fylla Bygdahuset.
Ni utøvarar, derav sju kvinner og to menn, utgjer årets revygruppe. På plakaten er berre damene representerte, der dei går mot kamera på ei lang rekkje. Dei av oss som har fylgd med på NRK sinn nett-serie Skam, dreg nok kjensel på motivet.
– Me har hatt litt heimelekse denne gongen. Alle i gruppa må sjå alt av Skam, seier Dorthea Møgster, som er den einaste som ikkje er heilt ferdig med serien.
– Kven skal vera Noora og William, då?
Lure smil og avvikande blikk vil ikkje røpa noko. Allereie ser eg føre meg Sigve og Rune Drønen – som til opplysing ikkje er i næraste familie – som Even og Isak.

Les heile saka i Marsteinen. Avisa kan du kjøpa her.