feb 232017
 

Familieveggen med stor F. Når eg tek fram kamera, er Gudgrun rask med å plukka fram eit foto av Ole, den gode naboguten som vart ektemannen hennar. Han døydde for ti år sidan. (Tekst og foto: May Linn Clement)

Ho er kanskje gamal, men ikkje så gamal at ho spring til vindauget berre ho høyrer nokon køyra forbi.

Ho har full oversikt over farten inn og ut gjennom Kobbeleia, der ho står rakrygga i stova si på Liaskjeret. Kikkerten har fast plass på enden av spisebordet, lett tilgjengeleg i fall det er eit namn eller nummer på skroget ho undrar seg over. Gudrun Lie fylgjer med.
– Vegen ned til kaien her går like forbi kjøkenvindauget mitt. Gjerne litt for tett på, til og med. Eg plar vita kven som går til og frå, seier ho litt påteke nyfiken, før ho presiserer at ho ikkje er forviten.
– Det er ikkje slik at eg spring til vindauget med det same eg høyrer ein bil. Eg er for ung til det.
Rundtom i stova står blomar i fleng. Det høyrer med når ein har runda 95 for nokre veker sidan. Blomane set Gudrun ut i eit kaldare rom om natta, slik at dei held seg lenger. Det gamle trikset fungerer framleis godt.

Les portrettet av Grand old Gudrun i Marsteinen. Avisa kan du kjøpa her.