feb 252017
 

Fana IL turn og dans arrangerer i samarbeid med SIL turnskule på Selbjørn. Her frå turnskulen i Slåtthaughallen i fjor. (Foto: Fana IL turn og dans.)

Heime i vinterferien? Fortvil ikkje.

Teater
Måndag inviterer Austevoll folkebibliotek til teaterframsyning for barn i 6-7-årsdaleren. Venene sommarfuglen Nalle og Marihøna Nille vaknar opp frå vinterdvalen og dra til ein hemmeleg stad for å bada, når brått Nille har gått seg vill. På vegen mot møter ho mange rare insekt, dyr og plantar som hjelp henne attende på rett spor.
Arrangementet er gratis.

32 er allereie påmelde. Arrangementet har eit tak på 40 barn. (Foto: Fana IL turn og dans.)

Turnskule
Det er allereie 32 barn påmelde til turnskulen i Selbjørn idrettshall, som er frå tysdag til torsdag.
– Responsen har vore kjempegod. Folk likar at det skjer aktivitetar i skuleferiane, seier Kari Eidsheim, nestleiar i Fana IL turn og dans, som saman med SIL arrangerer turnskulen. I fjor hadde klubben ein tilsvarande turnskule i Slåtthaughallen like før skulestart om hausten.
– Det vart ein suksess, med 80 ungar med. Her fekk barna læra basiske turnøvingar i ulike stasjonar, som å slå hjul og rulle. Konseptet kjem me til å gjennomføra fleire gongar, seier Kari – som gjennom dialekta røper at ho er austevolling.
Vil du melda barnet ditt på turnskulen på Selbjørn, gjeld det å vera rask.
– Me har tre instruktørar, og har eit tak på 40 barn, seier Kari.

Kino
På fredag viser Bygdakinoen på Storebø filmane Trio – Jakten på Olavsskrinet og xXx – Return of Xander Cage.