feb 262017
 

Mia Hovland Storebø skjenkar kaffi til damene. Frå høgre sit Astrid Hausberg, Martha Klokkeide, Karen Nordstrand og Judith Drønen. (Tekst og foto: May Linn Clement)

Å visa empati og bry seg om andre, er eit eige fag for femteklassingane ved Storebø skule.

Kari Stangeland byrja med prosjektet Omsorg i nærmiljøet for 23 år sidan. No er ho pensjonist på sjette året, men har ikkje lagt frå seg prosjektet.

– Dæ, kor flott, mann!
Kari Stangeland ser det ferdigdekka bordet som femteklassingane har stelt i stand. Denne veka er det Leander Drønen, Louise Lund-Sivertsen, Kamile Motiejonatie og Mia Hovland Storebø sin tur å arrangera kafé på Birgittunet.
– Me har vore her ein gong før, i haust, seier Louise.
Å få koma i femteklasse og vera med på prosjektet Omsorg i nærmiljøet, er noko barna ved Storebø skule gler seg til.
– I fjor, då me gjekk i fjerde og var her oppe for å synga, sat femteklassingane her og åt bollar. Då byrja me å gleda oss til det var vår tur, seier Leander, før han raskt rettar seg litt opp:
– Men det viktigaste er at dei gamle har det gøy og kosar seg, ikkje at me skal få eta bollar.

Les heile saka i Marsteinen. Avisa kan du kjøpa her.