feb 272017
 

I dag går den fyrste transporten av medisin frå apoteket i Bekkjarvik til Coop Extra Austevoll på Storebø. Eit viktig tilbod, meiner Tapio Heilala frå Austevoll apotek. (Tekst og foto: May Linn Clement)

Frå i dag av vert det høve å få henta medisin og apotek-varer på Storebø.

No treng du ikkje køyra ein ærend til Bekkjarvik for å henta medisin eller andre varer frå apoteket lenger. Austevoll apotek har gjort ei avtale med Coop Extra Austevoll – den største og nyaste av dei to butikkane i kjeda – og vil frakta det som er bestilt nordover, etter arbeidsdagen på torget er over.
– Me ynskjer at folk gjer bestillingane gjennom nettsidene til Ditt apotek, eller via ein eigen applikasjon som kan lastast ned frå nettsida, seier apotekar Tapio Heilala. Han forsikrar at alt av medisinar vert pakka inn i dei blå papirposane frå apoteket, slik at ingen kan sjå kva som er inni.
– Alt vert pakka og klargjort her i Bekkjarvik, og deretter lagd i desse raude kassane. Kassen vert stripsa saman før turen går til Storebø, seier han.
Bestillingar som må av garde same dag, må koma til apoteket innan klokka 15.00. Kundane får ein SMS på telefonen sin når varene er klare for henting.

Nye opningstider
Til og byrja med vil medisin bli transportert nordover kvar vekedag frå måndag til fredag, men dette vert justert etter behovet.
– I Dale har dei i tilsvarande ordning, der køyrer dei tre turar i veka, seier Tapio.
Frå 1. mars av, vert det nye opningstider ved apoteket. På kvardag opnar dei dørene klokka 10.00 og stengjer klokka 18.00, medan det om laurdagen er ope frå 10.00 til 16.00.