feb 272017
 

Ein person er lettare skadd etter ulukka ved Naustheller. Føraren var åleine i bilen.

Ein person er lettare skadd etter ei utforkøyring som enda i eit tre på motsett side av skytebanen ved Naustheller. Bilen skulle i retning sørover.
– Mannen er frakta til legevakta for sjekk, seier politi Steffen Trellevik til Marsteinen.
Både politi, ambulanse og barnnvern rykkja ut til staden så meldinga om ulukka kom klokka 12.58. Trafikken vart dirigert i begge retningar då Marsteinen var på staden rundt 13.30.