mar 022017
 

Astrid Taranger fyller 100 år i dag, og er med det den eldste personen i Austevoll.

Dette portettintervjuet stod på trykk i Marsteinen 25. mars 2010. I dag, 2. mars 2017, fyller Astrid 100 år.

Astrid Karlotte Taranger (93) tvinnar ikkje tommeltottar. Å vera i aktivitet har heldt henne oppe i vonde tider.

– Nei, du kan ikkje berre gå på sokkaleisen, kva størrelse brukar du? Aase, du må finna nokre tøflar til henne.
Marsteinen sin utsende er godt skolert før Astrid tek henne i handa og ynskjer henne velkomen til heimen sin i Torangsvåg.

I bestestova var litt av Astrid sitt handarbeid utstilt.

Pris i Familien
– Kom inn, kom inn. Ville du sjå noko av det eg har laga, var det sånn?
Den vesle 93-åringen snur seg 180 grader og går inn mot stova. Svigerdøtrene Aase og Astrid Johanne er på vitjing, og går etter svigermora. Me stoppar i bestestova, og ei heil samling hekledukar, veggbilete, brikker, pledd, tepper og bunadsbelte lyser mot oss.
– Dette er ikkje alt, må du tru. Eg har laga elleve slike sengeteppe, til begge barna og til dei ni barnebarna mine. Ingen av teppene er heilt like.
Astrid held opp eit stort, kvitt hekleteppe. Langs kantane er det tett i tett med hekla korketrekkarar. Det eine av teppene hennar vann ein pris i Familien ein gong, fortel svigerdøtrene.
– Eg har aldri i eitt minutt av mine leveår sete og sett i taket. Eg har heile tida arbeidd med hendene. Det har vore trøysta mi.

Etter mønster frå bestemora si, syr Astrid bunadsbelte til eit barnebarn.

Lefser og papirkaffi
I hovudstova er det dekka med lefser, pannekaker, tørrvaflar, både blåbær- og aprikossyltetøy. Baksten er det Astrid sjølv som har sytt for. Ho myser på fata Åse og Astrid Johanne har lagt maten på – er dei fine nok? Det får gå for denne gong.
– Me får ikkje dekka på med kva som helst. Av og til må me ta all maten over på nye fat, slik at det ser betre ut. Ho er ein perfeksjonist, me får ikkje styra på som me vil, nei, seier Astrid Johanne. Aase kjem inn frå kjøkenet med kaffikanna.
– Er kaffien god? Det er ikkje papirkaffi vel?
Astrid passar på. Ho seier at papiret ein brukar i filtermåla kaffi, gjer at magen veks.
– Bunadsbelta eg syr til sonesønene mine må lagast lenger og lenger. No har eg sagt til dei at dei har med å kvitta seg med den papirkaffien!
Astrid er bestemt i stemma og gestikulerer med armane.
Før me anar ordet av det, har snakket om kaffifilter gått over til matlaging før i tida, om korleis bestemor til Astrid laga kvitsaus og korleis Astrid sjølv lagar sylte på gamlemåten. Far til Astrid kom frå Hufthamartunet, men flytta til ei tante og onkel i Torangsvågen. Her vart han verande, og fekk både kone og ni barn. Astrid Karlotte, den eldste jenta, vart kalla opp eller kårfolket, grandtanta Astrid og grandonkel Knut.

15. desember 1945, etter å ha venta på Ivar i seks år, stod Astrid brud.

Venta på Ivar
På veggen bak oss, og på kommodar og bord heng og står det mange gamle fotografi. Små barn, unge gutar i skjorter og dress, eit konfirmasjonsbilete av ei ung dame i kvit kjole og eit bryllaupsbilete.
I 1937 vart 20 år gamle Astrid Karlotte Hufthammer trulova med Ivar Taranger. Han var ein høg og mørk mann med humoristisk sans.
– I 1939 reiste han ut i krigen. Eitt år skulle han vera vekke.
Astrid held fram peikefingeren. Eitt år gjekk. To år, tre år. Snart var krigen over, og Astrid hadde enno ikkje høyrt noko frå truloveden sin.
– Folk sa til meg at han ikkje kom igjen, at eg måtte koma meg vidare. Men eg ville ikkje forstå det, noko inni meg sa at Ivar lever, og han kjem igjen!
Astrid held seg til hovudet og knip augo saman medan ho fortel. Ikkje før var krigen over, før Ivar kom tilbake.
– Han var klar til å gifta seg på dagen! Smoking hadde han kjøpt i London. Men eg sa at når eg fyrst skulle stå brud, skulle det vera skikkeleg!
15. desember 1945 gifta Ivar og Astrid seg. Brudekjolen var sydd av svigerinna Helga Taranger og av stoff kjøpt frå Sverige. Gjertrud Taranger laga sløret, og var òg ho som pynta bruda. Astrid tek brudebilete ned frå veggen og viser stolt fram slepet på sløret. Det var mykje finare i røynda, må vita!

Tre vekke på åtte år
Astrid og Ivar fekk fire barn. Fyrst ei jente, så to gutar, og så ei jente på slutten. Nesten to år gamal døydde yngstejenta av hjernehinnebetennelse. Sorga vart vél så stor då eldstedottera nokre år seinare fekk leukemi, blodkreft, og gjekk bort. Same året ville ho fylt 18 år.
– Eg mista begge døtrene mine på så kort tid.
Dei brune, varme augo til Astrid vert fuktige medan ho fortel. 23. august 1965 gjekk Ivar òg bort. Mannen ho venta på gjennom heile krigen, og som ho hadde opplevd både dei største gleder og djupaste sorger saman med, vart riven vekk frå henne. I løpet av åtte år var ektemannen og begge døtrene vekke.
– Det einaste som hjelpte for meg, var å vera i aktivitet. Eg gjekk lange turar i vind og regn, og bad om at eg ikkje måtte møta på nokon. Langt ute ved havet sat eg lenge og berre grein.
Astrid stod aleine att med sønene Nils Magnar og Alf Inge, som òg vaksnast. Brått hadde ho både svigerdøtrer og barnebarn, og i dag har ho heile 14 oldebarn i tillegg.
– Eg miste dei to døtrene mine, men fekk verdas beste svigerdøtrer. Dei tek altså så godt vare på meg.
Astrid nikkar og smiler bort til Aase og Astrid Johanne, som nærast i kor seier at det skulle berre mangla!

I Min Vand-Kur frå 1901, finn Astrid oppskrift mot dei fleste plager.

Min Vand-kur
– Kor hen sette eg den staven min no?
Astrid ser rundt seg, og legg snart merke til staven som står inntil spisebordet nokre meter borte.
– Han er no alltid på rakkadaisen han der, seier ho og går mot staven. Ho skal henta boka med oppskriftene for eit langt og friskt liv, Min Vand-Kur. Sidene i boka frå 1901 er tørre og porøse. Alt står med gamal kalligrafiskrift og på gamalnorsk, eller dansk, men Astrid les og forstår kvart einaste ord.
– Kvar dag byrjar eg med eit glas kjerringrokk-te.
Astrid viser veg inn til kjøkenet, og finn fram posen med kjerringrokk, som ho har kjøpt på helsekosten. Ho seier at til ein liter kokande vatn, går det fire spiseskeier kjerringrokk.
– Det hjelper for halsen samtidig som det reinsar opp i systemet. Tante Kaia vart frisk i nyrene av dette, og det er heilt sant!
Astrid er overtydd om at dei naturlege urtene Vannkuren omtalar, ofte fungerer mykje betre enn noko piller og tablettar på resept!

Varmluft på skoa
– Nei, har skoa dine stått der heile tida? seier Astrid og peikar på journalisten sine sko, som står ved ytterdøra.
– Dei kunne no fått stått over varmlufta! Huff, no må du frysa på føtene dine når du går.
Ho er kjapp med å flytta skoa over ei varmevifte i golvet, slik at dei berre vert litegrann varmare for journalisten, som visstnok òg er litt naken i halsen.
– Ikkje skriv noko dumt no då! Astrid smiler og blunkar med det eine augo i det ho lukkar att døra i heimen sin.