mar 022017
 

Håkon Hufthammer var ein av mannskapet på Servicebåt AS sine båtar, som måtte trå til då MF ”Fosen” gjekk på grunn. Foto: Terje Kristoffer Helland.

To av båtane til Servicebåt AS måtte laurdag steppa inn i ein redningsaksjon, då ferja MF ”Fosen” gjekk på grunn like ved Hatvik ferjekai i Os.

– Det var ein spanande operasjon, der hjarta mitt hoppa over fleire slag og pulsen stod i vêret, fortel Håkon Hufthammer som var ein av karane frå Servicebåt som måtte steppa inn under grunnstøytinga. Mannskapet på ”SAS Orion” var på veg ut i fjorden frå Eikelandsosen, i nabokommunen Fusa, då dei fekk melding over VHF, på kanal 16 om ulykka.
– Me var berre 20 minutt unna, og meldte straks frå om hjelpa vår, seier Håkon Hufthammer til lokalavisa. Då dei kom fram til ulykkesstaden hadde dei gjort klar ein slepar, og var klare for å kopla seg opp til ferja med tilfart.
– Me vart nøydde til å venta til alle passasjerane var evakuerte og ambulansebåten kom, forklarar han. Innsatsen til Servicebåt AS vart i fylgje Håkon heilt avgjerande, då redningsskøyta ikkje turte å kopla til ein slepar, grunna for liten kraft. Dermed blei løysinga for redningskøyta å skyssa halvparten av mannskapet til ”SAS Orion” på fire, over til eit nærliggjande anlegg, der systerbåten ”SAS Virgo” låg.
– Då hadde me eit mannskap på to på kvar båt. Vidare vart me liggjande i heile sju timar og venta på flod sidan ferja hadde køyrt seg godt fast, og dette var naudsynt for å få fjerna henne, påpeiker han. Gjengen prøvde lenge å berre nytta ein av båtane til å dra og den andre til å helda igjen, då ferja glapp av.
– Men det gjekk ikkje, så begge måtte bidra med totalt 24 tonn slepekraft, seier han. I det fartøyet slapp taket på land, slitna slepetauet og endå eit problem stod for tur.
– Heldigvis klarte ”SAS Orion” og snu seg 180 grader, så fort han kunne for å seinka farten til skuta. Ferja var på eit tidspunkt også på god veg mot ei småbåthamn like ved staden grunnstøytinga skjedde. Heldigvis ordna alt seg med godt samarbeid, avsluttar Håkon.

Tekst: Severin Tøkje.