mar 032017
 


Sigve Solbakken var godt vaksen då han fann ut at gitaren ikkje berre kunne vera ein ven, men òg ein leveveg. Dei siste åra har han satsa knallhardt på musikken.

Musikk handlar til sjuande og sist om kjensler. Sigve Solbakken har arbeidd systematisk for at han kan la emosjonane kommunisera direkte gjennom strengane, utan at han treng å tenkja for mykje på teknikken. Mellom anna reiser han årleg på workshop i Chicago, citybluesen sin heimstad.
– Då me byrja med Songgalleriet, innbilte eg meg at eg var ganske god. Likevel oppdaga eg stadig at det var mange ting eg ikkje klarte reint teknisk, og eg såg meg kring etter gode opplegg for å verta flinkare, seier Sigve til lokalavisa. Han gjorde det ikkje stykkevis og delt, unge Solbakken. Han sa likegodt opp jobben som tavlemontør i Kolbeinsvik, og satsa med både hjarte og hovud.

Les heile saka i Marsteinen. Avisa kan du kjøpa her.