mar 042017
 

14 personar er med og rydder i Kjølpo og Hotvik i dag. Frå venstre er Silje Rusten og syskena Maria, Rebekka, Kristian og Jakob Storebø

– Klarar me eit par viker i dag, er det bra.
Håvard Kleppe stiller med sjarken ”Halvard” når Austevoll jakt- og fiskelag arrangerer bossplukking i strandlinja. Eit mål er å få dekkja området mellom Gauksheim til Stolmabrua – eit strekk med enorme mengder viker som ein ikkje kjem til utan båt. Kjølpo og Kvedanvikje vert dei heldige denne gongen.

– Her kjem du ikkje til med bil, berre båt og fly, skjemtar Rolf Rusten når me sig inn i Kjølpo.
– Plast, isopor og tauverk går i sekkane. Rekved samlar me på ein stad, opplyser Silje Rusten og deler ut grøne innsamlingssekkar frå SIM. To rullar med 26 i kvar har laget fått tilsendt.
Me er sju personar som går i land i Kjølpo. Sånn med ein gong tenkjer eg at her er det då ikkje så gale, men den tanken trekkjer eg snart tilbake.
To bildekk, eit stort golvteppe, store mengder tau og plastkanner – både med og utan spillolje.
– Eg har stått på nesten same plass sidan me kom. Flyttar eg på ein stein, har eg brått ein halv bossekk til, seier Kristian Storebø etter ein dryg halvtime i vika.

Les meir om strandryddinga i Marsteinen på torsdag.