mar 072017
 

Av og til er det ganske så hyggeleg å ha kontor like ved barneskulen på Storebø. Heilt på sparken fekk me i dag servert denne låta av andreklassejentene Emilia, Nora, Liv, Luna, Betine, Kristine og Anastasija. «Vestlandet» heiter songen, som dei òg vann skuletevlinga «Scenen er din» med for to veker sidan.