mar 092017
 

Stadig fleire austevollingar kastar loss og dreg til Lofoten for å sikra seg skrei i garna. Blant dei er undervisningsfartøyet ”Stø kurs” frå Austevoll vidaregåande skule. Foto: Håvard Magnus Njåstad.

Skreien har sege inn på Innersida i Lofoten, sola skin og fisket er godt. Det tradisjonsrike fiskeriet får det til å bobla godt i blodårene til sjølv garva fiskarar.

Blant fiskarane som har reist nordover finn me David Berntsen (23) i ”Kalsøyjento”. Saman med Håkon Økland hadde han forventa meir av eit blodslit enn dei enda opp med.
– Det er eit fint liv. Me stakk ut klokka 06:00 og kom oss inn att til klokka 10. Då kunne me stikka inn på velferda og eta. Dessutan fekk me jo med oss heile ski-VM, seier den unge fiskaren, som elles reiser med eitt av tre skift om bord i ringnótaren ”Ligrunn”.

Les heile saka i Marsteinen. Avisa kan du kjøpa her.