mar 102017
 

– Det vert ei hektisk veke no fram mot premieren, med tolvtimars skuledagar. Det er gøy, sjølv om det er krevjande. Det eg fryktar mest, er å gløyma replikkane mine, seier Leonard. (Tekst og foto: May Linn Clement.)

Å opptre er noko av det skumlaste Leonard Berger Waage (18) veit. Ironisk nok spelar han hovudrolla i Cabaret neste veke.

– Det er eigentleg ei ganske dryg oppsetting, konkluderer Leonard Berger Waage (18). Han snakkar om musikalen Cabaret, som har premiere på Stord om ei veke. Sjølv har Leonard ei av hovudrollene, som den britiske forfattaren Cliff Bradshaw. Det er mellomkrigstid i Tyskland, og Cliff dreg dit for å arbeida med ein roman.
– Mykje av handlinga går føre seg på ein særs shady klubb. Det kjem etterkvart fram at fleire av karakterane er homofile, Cliff inkludert, men dette kan dei ikkje vera opne om overfor nazistane, som det byrjar å verta fleire av, fortel Leonard.

Les meir om Leonard og musikalen i Marsteinen denne veka. Avisa får du kjøpt her.