mar 152017
 

Trusopplæringsmedarbeidar

Austevoll sokneråd har ledig 50% stilling som

trusopplæringsmedarbeidar.

Stillinga inngår i Austevoll kyrkjelyd sin trusopplæringsplan frå 0 – 18 år,  med særleg vekt på alderstrinna 15 – 18 år.

Me søkjer etter ein positiv og ansvarsbevisst person med evne til å formidla, samarbeida, ta initiativ og vera fleksibel i tenesta.

Personlege eigenskaper / erfaring vil verta vektlagt.

Søkjar må vera medlem av Den norske kyrkja, kunna leggja fram politiattest og disponera bil.

Løn etter tariff/avtale. Pensjonsordning i KLP.

Spørsmål vedk. stillinga kan rettast til kyrkjeverja i Austevoll,

Jan-Tørres Nordstrand, tlf 55 08 26 00/ 952 42 290

Søknad med enkel CV sender du til:

Austevoll sokneråd, 5392 Storebø

Søknadsfrist:  3. april 2017.