mar 162017
 

”Haugagut” er ute på den siste kolmuleturen sin i 2017. Her frå ein tidlegare tur. Foto: Frode Fuglseth.

Om lag 40 prosent lågare betalt gjer årets kolmulefiskeri langt mindre lukrativt enn fjoråret, men fisken har stått i gode dottar så langt, melder  ”Haugagut” og ”Knester” frå Atlanterhavet.

 

– Akkurat no er det ein liten downperiode, men tidlegare i sesongen har det vore bra, seier bas Odd Arne Østervold om bord i ”Haugagut”, som i går ettermiddag var i ferd med å ta det fyrste halet på den siste turen sin på kolmulefiskeria. Sjølv om fisken står meir spreidd enn tidlegare trålar dei i veg – det tek berre noko meir tid før trålsensorane gjev lyd frå seg.

Skipper Ole Anker Hevrøy om bord i ”Knester” kan òg melda om ein god sesong. Dei er i gang med den tredje turen sin, og håpar å få fylt seg opp og overføra den fleksible delen av kvota til neste år.

Les meir i avisa i dag.