mar 162017
 

Katrine Storebø i atelieret sutt, som òg kan fungera som gjesterom.

Katrine Storebø (36) har for lengst slått rot i Storbritannia. Sjølv om ho berre er nokre veker frå å verta mor for fyrste gongen, må ho måla.

 

Londonvêret er attende til grått, men slett ikkje trist i norsk forstand. Storebødama møter Marsteinen ved utgangen til undregrunnstasjonen Angel i bydelen Islington. Ikkje langt frå Arsenal sin heimebane, for dei som brukar fotballbanar til å navigera etter i den engelske hovudstaden.

– Me må skunda oss heim til meg, eg har bollar i omnen, seier den gravide kvinna. Oppskrifta på norske shillingsbollar med spelt har ho funne på nettet, og det luktar vedunderleg av kanel og kardemomme når ho opnar den grønmålte inngangsdøra til rekkjehuset som ho og sambuaren, George, leigar.

– No har eg heldt på med å byggja reir i to veker, sjølv om me skal flytta om ganske kort tid, smiler ho. Den vesle familien som straks vert til tre treng større olbogerom, difor flyttar dei til Peckham sør for Themsen. Framleis skal dei leiga, men no får dei plass til både barnerom og atelier. Katrine jobbar nemleg med måleria sine heime, og må ha ei eiga arbeidshole. Sambuaren påpeikar stadig at kunstnarrommet hennar står fram som eit virvar av måling, penslar, rammer med ferdige måleri og uferdige arbeid.

Heile teksten kan du lesa på papir eller i digital form.