mar 162017
 

Maja Stenevik Hansen held utsikt, Leija Fosseidengen dreg fangsten om bord, medan Sandra Kvaløy og Magnus Kalvenes er mannskap. Rollene byter snøgt!

Med ekte vikingar og kjedekledd ordførar, vart vikinghaugen på Prestaneset opna på tysdag.

Frå vera eit grønt område med minimalt av ferdsel, er den freda vikinggrava på Prestaneset og terrenget rundt vorte ein mykje nytta stad for barna i Sol-li barnehage.

– Det ligg ein død viking under her. Han er kjempe, kjempegamal, seier Timon Bjånesøy (3 ½ år) og peikar ned på dei mosekledde steinane. Han har heilt rett, her er ei skikkelig vikinggrav. Det fylgjer reglar med slike område, mellom anna skal dei vera opne for ålmenta, og det er ikkje lov å setja opp noko bygg innanfor ei radius på fem meter rundt grava, som er freda.

Reportasjen får du her.