mar 172017
 

Front mot front-kollisjonen enda med skadar på køyretøya. (Foto: Trond Hagenes)

Klokka 10.34 fekk politiets operasjonssentral melding om ei ein front mot front-kollisjon like før nedkøyringa mot Økshammaren i retning Gauksheim.
– Helsepersonell, brannmannskap og politi rykka ut, og status etter undersøking er ingen personskadar, men materielle skadar på køyretøy, seier operasjonsleiar Arve Samsonsen til Marsteinen.
Når Marsteinen er på staden, er eine bilen fjerna med redningsbil, medan han andre står på nippen til å verta fjerna frå ulukkestaden.