mar 222017
 

Amalie Skram-elevane Victor Møgster Grindheim, Amalie Carine Vatle, Espen Steinnes og Victoria Søil Storebø har treft ei stor kundegruppe med den naturlege tannkosten Ubamboo. (Jatin Patel, femtemann i gruppa, var ikkje til stades då biletet vart teke.) Tekst og foto: May Linn Clement.

Når du er ferdig med tannkosten Ubamboo, kan du kasta han rett i bioavfallet.

Victor Møgster Grindheim (17) er dagleg leiar i elevverksemda som dei siste vekene har gjort det godt på sal og promotering av tannkosen Ubamboo.
– Etter me vann fylkesmessa for ungdomsbedrifter tidlegare i månaden, tok det heilt av, seier han. Same kveld ringde BA og ville laga sak om verksemda, og fyrsteopplag av børsta på 500 eksemplar, vart selt ut på ein, to, tre.

Les meir og Victor og verksemda i Marsteinen i morgon.