mar 232017
 

Sigve Drønen stakk av med sigeren i tevlinga Austevollssjarmen, medan ei snurt Regina N. Vestrheim, spela av Lone Møgster, trakk seg unna. Dorthea Møgster var programleiar i Farmen-parodien. Tekst og foto: May Linn Clement.

Du treng eigentleg ikkje lesa nyhende og fylgja så godt med i lokalsamfunnet. Kolbeinsvikrevyen gjer det for deg, og presenterer det på ein langt meir underhaldande måte enn både Facebook og Marsteinen til saman.

Alternative fakta er ikkje noko nytt. Det er sånt eg oppvaksen med på butikken på Austevollshello, der den eine fangsten vart meld inn som minst dobbel så stor som den andre. Det var ikkje heilt løgn, heller …
Karakteren Hundvåkaren spela av Runar Drønen var heldigvis med i programmet, og fekk skrytt litt om hytta si i Myrkdalen og innhaldet på bankkontoen.
– Om eg er litt nedfor ein dag, ringer eg berre kontofonen ein 15-20 gongar. Då vert eg i godt humør med ein gong! Eg er jo berre ein enkel fiskar frå Hundvåko, eg er ikkje så vanskeleg å blidgjera.

Les heile omtala av revyen i Marsteinen.