mar 232017
 

Jørgen har sidan han så smått byrja med elbilar i 2013, selt 500 Nissan Leaf og 150 Kia Soul EV. Tekst og foto: May Linn Clement.

Jørgen Klæboe, ein rustfri 1970-modell, har selt bilar sidan 1992. For fire år sidan våga han seg ut på elbil-marknaden. Det har han ikkje angra eitt sekund på.

Jørgen Klæboe – ikkje i slekt med langrennsløparen med nesten likt etternamn, fødd og oppvaksen i Åsane, men bur på Hundvåkøy og titulerer seg som austevolling. Han byrja i bilbransjen i 1988.
– Så eg var berre fem år då eg byrja, seier han tørt. Neidå, frå spøk til blodig alvor. Han var 18 år og skulelei.
– Eg gjekk på elektro, og syntest det var dørgande keisamt. Så eg byrja å vaska bilar hos Fana bilforretning, som låg i kjellaren i Lefdal-bygget ved Lagunen.
Jørgen var glad i å snakka med folk, då som no, og det vart snart plukka opp at han hadde god dialog med kundane.
– I ’92 vart det ein ledig seljarjobb i firmaet, og den fekk eg.
Jørgen var tilsett i firmaet fram til han oppretta sitt eige i år 2000, med det slåande namnet Bil 1. Valfri uttale, Bil ein eller Bilen.
– Dette var på tida då internett byrjar å slå seg opp heime hos folk, så namnet måtte vera lett å skriva på tastatur. Dessutan syntest eg ikkje Jørgens bruktbiler lydde så stilig.

Les heile intervjuet i Marsteinen.