apr 062017
 

Snart vert utslite materiell som passasjerar til og frå Austevoll er vortne vane, med skifta ut med miljøvenlege nybygg, om ein skal tolka dei sterke signala frå Hordaland fylkeskommune.

 

Hordaland fylkeskommune kjem til å nytta 60 millionar ekstra kvart år for å få austevollingane og bilane deira att og fram til øyriket.

– Alt peikar i retning av at Austevoll får nye ferjer. Fylkeskommunen informerer i løpet av mai månad kommunane i fylket om dei rutetilboda som kjem på plass når dei nye anboda er i boks, seier Helge Andre Njåstad (Frp) til Marsteinen. Stortingsrepresentanten Njåstad møtte tysdagskvelden ein delegasjon frå Hordaland fylkeskommune med fungerande fylkesordførar Pål Kårbø (KrF) og fleire leiarar frå administrasjonen, mellom anna fordi fylket får ein stor ekstrarekning etter å ha stilt særs ambisiøse krav til miljøstandarden på ferjene.

– Det er ikkje mogleg at dagens materiell kan klara å oppfylla miljøkrava, dessutan er det heilt på dei reine at fylkeskommunen allereie frå neste år av kjem til å nytta 60 millionar kroner ekstra berre på ferjene til og frå Austevoll. Det vert ein massiv ekstrakostnad, som dei ynskjer forsikringar frå Stortinget om at dei vil få kompenserte, seier Njåstad, som leiar kommunal- og forvaltningskomitéen i nasjonalforsamlinga. Austevollingen legg ikkje skjul på at han er oppteken av samferdsla i distrikta, og lyttar gjerne når ferjefylka tek opp vanskar med gamalt materiell som må erstattast.

Resten av saka og tilhøyrande kommentar frå avisa, finn du er.