mar 312011
 

Therese Storebø Østervold (28) gjekk til topps i den skandinaviske delfinalen til World Class. Foto: Diageo Norge.

Therese Storebø Østervold er blant dei beste bartenderane i Skandinavia.

I mai skal austevoll-jenta Therese konkurrera mot Europa sine beste bartenderar i den europeiske delfinalen til World Class 2011, ein av bartenderbransjen sine tøffaste konkurransar. Det vart klart då ho førre veke gjekk til topps i den skandinaviske delfinalen i Stockholm.

Fekk sjokk
Med drinken Söta bror trekte Therese Storebø Østervold (28) det lengste strået av dei totalt 23 bartenderane som deltok i den skandinaviske delfinalen til World Class.
– I løpet av fem minuttar skulle kvar og ein av oss miksa ein drink me aldri hadde laga før, medan me presenterte han for dommarane. Eg fekk heilt sjokk då eg vann, seier Therese til Marsteinen. Det var balanseringa av det avgrensa utvalet av ingrediensar saman med smak og lukt som gjorde at det var nettopp austevollingen som gjekk av med sigeren.
I 2009 vann Therese noregsmeisterskapen i flairing, triksing med flasker, men seier at det no er komponering av drinkar som fengjar henne mest.
– Eg prøver å leggja flaskene på hylla, skjemtar ho og ler. Til dagleg er Therese assisterande barmanager på Café Contra bar i Bergen.

Meir prestisje
Den europeiske delfinalen til World Class 2011 går av stabelen i Berlin i slutten av mai. Over tre dagar skal deltakarane konkurrera på tid, kunnskap og komponering av cocktailar som skal passa til ulike matrettar. Dersom Therese igjen skulle stikka av med sigeren, noko ho knapt tør å drøyma om, ynskjer ho byggja opp meir prestisje rundt bartenderyrket.
– I dag vert ikkje yrket teke seriøst. Det er ikkje berre å stå bak ein disk å tappa øl, men du må lesa mykje, pugga, vera kundebehandlar og driva marknadsføring.
Trass i at ho dagleg vassar i cocktailar, er det langt ifrå noko paraplydrink ein av Skandinavias beste drinkmiksarar tyr til når ho skal kosa seg.
– Eg elskar og miksa og å smaka, men sjølv føretrekk eg det litt enklare. Favoritten min er Guinness og whisky.
Finalen i World Class 2011 vert arrangert i New Delhi i juni.