apr 062017
 

 

Fibertrekk for eitt tiårsidan gjev enno stor fleksibilitet på Lysglimt sitt nett. Arkivfoto.

 

Dei om lag 2 000 kundane til Lysglimt, Austevoll kraftlag sitt fiberselskap, opplever i desse dagar at tilgangen deira til verdsveven er mykje raskare enn tidlegare. Kraftlaget sin økonomi- og marknadsdirektør Hege Lauvik forklarar kvifor dei har opna slusene, utan å auka kostnadane til kundane.

– Fibernettet vårt har vore aksla for dette sidan det vart laga, men no har me dei tekniske løysningane som gjer det mogleg utan risiko, seier ho. I botn ligg eit ynskje om å halda fram med å vera det beste selskapet for øyfolket sin internettbruk, og nettet deira omtalar Lauvik som å vera State of the art.

– I hovudsak såg me for berre få år attende ein jamn bruk av nettet på mellom 200 og 300 megabytes, medan han i dag ligg på mellom to og tre giga, forklarar ho. Bruken av verdsveven har endra seg på kort tid, meir tid vert nytta på sosiale media, der audiovisuell overføring vert stadig vanlegare. Samstundes får fleire og fleire over frå å sjå vanleg fjernsyn og filmar frå DVD og BlueRay til reine strømmetenester som Netflix og ViaPlay.

Lysglimt opna slusene sine allereie ved månadsskiftet, og let dei altså forbli opne.

 Av Trond Hagenes