apr 072017
 

I dag markerer Elholm’en nyopning i Porsdalen. Frå venstre sit Arne Elholm, Øystein Blix, Kari Hovland, Linda Østervold, Aud Blix og Natalie Mariell Elholm, som er innom og smakar på kakene. Tekst og foto: May Linn Clement.

Det er god stemning over kakebordet. I løpet av drøsen finn Lars Bjørn Drønen og Øyvind Bruntveit ut at dei har møtt kvarandre før, fleire gongar til og med.

I dag har elektrikarbutikken Kjell Elholm AS offisiell opning av den nye butikken i Porsdalen. Det vert feira med kaker – attpåtil av den heimebaka sorten.

– Det er litt trist, me kjem til å sakna alle som var innom og sa hei til oss, seier Aud Blix.
– Ikkje minst vil me sakna å sjå skulebarna som gjekk forbi. Det var så koseleg, legg Kari Hovland til.
Saman med Linda Østervold utgjer dei butikkpersonalet som denne veka har flytta ut frå verksemda ved Sentrumsbygg og til næringsparken i Porsdalen.
– No har me handverksfaga samla på ein plass, seier elektrikar Øystein Blix og viser til Trelasten – XL Bygg – på eine sida og Austevoll rør på den andre. Ready maskin held til like nedi hogget, så entreprenøren er ikkje langt unna heller.

Berre skilt som manglar
Det er 53 år sidan Kjell Elholm AS byrja å farta rundt som elektrikar, men den gongen var ikkje utstyret som i dag.
– Han hadde sykkel med ei elektrikarveske bakpå, fortel Linda, som har nokolunde kontroll på årstala. Sjølv har ho arbeidd i butikken i 15 år, medan Aud har vore med i ti og Kari – veteranen – har ekspedert kundar i over 20 år.
I tillegg til el-entreprenøren Elholm, er fotograf Natalie Mariell Elholm og Austevoll Asfalt å finna i det nye næringsbygget i Porsdalen. Det er framleis ledige kontor i andre etasje.
– Det einaste me manglar no, er skilt på butikken, seier elektrikar Arne Elholm. Men skiltet kjem, med den same logoen som dei har hatt i over 30 år – designa av Halfdan Brügger Bjånesøy i si tid.