apr 072017
 

Reprise på folkefest og 2-3-kampen på Eidsbøen i 2008? Her kapteinane Brede Storebø og Erlend Hanstveit saman med dommartrioen ved kampstart. Arkivfoto.

Det vert fest midt i veka i slutten av april når Brann kjem til Eidsbøen for å spela fyrsterundekamp i cupen. Austevollingane laga folkefest då bergensarane vitja øyane i andrerunde for ni år sidan.

– Det var det beste me kunne få. Det hadde vore ein nedtur med noko anna etter innsatsen til karane i den førre kampen, seier AIK-trenar Stig Storebø om oppsettet frå NFF. Stig spelte sjølv delar av kampen i 2008, og seier at dei oransje enno kjenner det tapet.

– Me kunne fort ha vunne den kampen, og eg reknar med at det vert mykje meir krevjande denne gongen, seier den entusiastiske AIK-mannen til lokalavisa.