apr 212017
 

Kommuneoverlege Inger Uglenes (i kvitt) har drøymt om dette helsehuset sidan planlegginga byrja tidleg i 2014. (Tekst og foto: May Linn Clement.)

De fire årstider er ikkje berre eit stykke av Vivaldi. Det var òg tilfelle av vêrforholda då Austevoll helsehus vart offisielt opna i dag.

Dei var lure dei som tok på seg ullundertøy og fôra jakke då dei gjekk heimefrå i reine sommarsola klokka 13.30, for å rekkja opninga av Austevoll helsehus på Storebø ein halvtime seinare. Då fekk me nemleg oppleva både vind, regn og snø.

Helsehuset har òg rom dei som nedprioriterer helsa, men dei må stå ute like om nova.

Ingers draum
– Medvite har me prøvt å leggja markeringa til ein dag med alle fire årstider, skjemta ordførar Morten Storebø (H) i tala si.
Tidleg i 2014 byrja dei konkrete planane om helsehuset som opna i dag. Kommuneoverlege Inger Uglenes, som har vore stor pådrivar for å få helsehuset opp, fortalde litt om visjonane ho hadde for bygget.
– Eg hadde ein draum om eit helsehus som var til for menneske, ikkje for pasientar eller tilsette, men for kropp og sjel. God helse er meir enn berre fråvær av sjukdom.
Ho sa det kjentes som at entreprenørane har sett tankane hennar, og klart å gjera verkelegheit av noko ho ikkje fann orda for sølv.
Det var Sidsel Stene, legesekretær sidan 19. juni 1989 for å vera presis, som fekk kutta snora ved inngangen.
– Og ho skal skjerast, ikkje klyppast, sa Sidsel i ekte kjerringa mot straumen-stil. Ho fekk samstundes sendt ein gratulasjon til publikumar og barnebarnet Henrik som fyller åtte år i dag.
– Då eg byrja på kontoret på Selbjørn, arbeidde eg saman med Finn Dyngvold og Sverre Rørtveit. Sidan den gong har eg vore kollega med femti turnuslegar, sa Sidsel.
– Eg er glad og takksam for at eg får ha dei siste arbeidsåra mine her i dette flotte helsehuset.
Dei som ikkje allereie hadde søkt ly i gangen og oppover i trappene, var raske med å pressa seg inn med det same snora var kappa av. Inne venta kake, kaffi og frukt i kantina i toppetasjen.
Austevoll brass stod til slutt åleine att ute i ruskevêret og blæs og tromma.