apr 262017
 

Joachim Bjånesøy var ein av dagens klare lyspunkt på ein dag då Brann viste AIK kor skapet står. Halldor Stenevik (til høgre) markerte seg i målprotokollen for SK Brann sitt a-lag for fyrste gong.

Den søte karamellen med å møta Brann i fyrste runde i NM vart etterkvart ei småbitter pille for Austevoll-herrane. Sjølv om AIK-herrane i små glimt fekk vist seg fram, var det aldri noko tvil om utfallet av kampen. 0-7 vart sluttresultatet, og einaste austevolling i målprotokollen vart Halldor Stenevik, som kruna den fyrste starten sin i Brann-drakt med å scora eit vakkert mål til 0-4.

Kampfakta:

Austevoll – Brann 0-7 (0-3)

NM fotball menn, 1. runde. Austevoll kunstgras

Mål: 0-1 Steffen Lie Skålevik 25, 0-2 Azar Karadas 33, 0-3 Jonas Grønner 44, 0-4 Halldor Stenevik 76, 0-5: Marius Bildøy 83 str., 0-6 Skålevik 85, 0-7 Deyver Vega 86.

Austevoll (4-4-1-1): Simen Bratten Gjøvåg – Øystein Eidsheim (Emil Økland fra 46), Øystein Aarnes Storebø, Alexander Dale, Martin Veivåg – Frode Storebø, Joachim Bjånesøy, Inge André Rabben, Steffen Skår (Christian Møgster fra 46) – Kurt Hovland (Paal Mangor-Jensen fra 66) – Tord Harald Skår.

Austevolls beste: *** Joachim Bjånesøy: Spelte utan respekt, og var arkitekt for ein god del offensivt. ** Martin Veivåg: Ungguten leverer òg mot meritterte motstandarar. * Frode Storebø: Ikkje lite lett å skubba seg på topptrente backar, men fekk til ein god del når han fyrst var rettvendt med ballen i beina.