apr 272017
 

Henrik Elias Østervold er kanskje ein av dei yngste i kommunen, som sit som hovudaksjonær i ein så funksjonell og forholdsvis ny sjark. (Tekst og foto: Severin Tøkje)

Henrik Elias Østervold (16) har nyleg investert i sjark, der han sit som hovudaksjonær. Lofoten og heimefiske er oppdrag skuta har i vente den næraste tida.

– Stig på, seier Henrik. Motoren er i gang og går stille. Inne i kabinen set han seg godt til rette i sjefsstolen og sleng beina opp på kontrollbordet.
– Eg eig 51 prosent, medan far min og ein annan eig 24,5 prosent kvar, fortel Østervold medan han tek ein kikk ut av vindauget. Båt og sjøliv har alltid vore ein del av fiskarungdommen, og det merker du. Det er difor ikkje naudsynt å undra lenge over om han har hatt ein sjark tidlegare.
– Eg hadde ein mindre ein, og det er slik eg har klart å finansiera den nye. Eg selte den gamle, og brukte pengane frå den på eigenandelen, fortel han. Den nye er større, betre og meir funksjonell enn forgjengaren.
– Dette er noko heilt anna, smiler han vagt.

Les heile saka i Marsteinen. Avisa får du kjøpt her.