apr 012011
 

I februar vart det klart at Helge André Njåstad gjorde gjenval til hausten. I dag kom nyhenda om at ordføraren har takka ja til stillinga som stabssjef for Siv Jensen.

Ordførar Helge André Njåstad (Frp) trekk seg som ordførarkandidat ved neste kommuneval. I dag vart det kjend at han vert partileiar Siv Jensen sin nye stabssjef.

– Det er umogleg å sei nei til ein slik stillig. Dette er ein unik moglegheit jobba tett på landets neste statsminister, og eit steg opp i karrierestegen for min del, seier Njåstad i Marsteinen.

Flyttar til Oslo
Ordførar i Austevoll, Helge André Njåstad, førebur seg på å gjera Oslo-mann av seg frå hausten av.
– Arbeidet som stabssjef går over 24 timar i døgeret, så det vert nok ein hybel i Oslo, ja, seier ordføraren til lokalavisa. Han avvisar rykta som har gått på øyane, om at familien kjem til å selja huset sitt på Hundvåkøy.
Njåstad engstar seg ikkje for korleis det skal gå med kommunepolitikken i Austevoll når han forsvinn.
– Ingen er uerstattelege, konstaterar han.
Jostein Blænes er Framstegspartiet sin nye ordførarkandidat i Austevoll.