apr 272017
 

Ei saks er ikkje berre ei saks. – Den dyraste eg har kostar 7 000 kroner, men det fleste ligg på
4 000, fortel Tove Ervik. (Tekst og foto: May Linn Clement)

– Når eg no klipper folk i fjerde generasjon, er det på tide å gje seg.
I snitt er ein frisør i yrket sitt i sju år, før han skiftar beite. Tove Ervik (65) går mot straumen.

– Då eg byrja som frisør, skulle håret skjerast, ikkje klyppast. Men så var eg på eit kurs med den kjente frisøren Vidal Sassoon i London 1971 – han brukte ei lita saks, nesten som ei broderingssaks, seier Tove.
Eg møter henne heime på Me le, der ho er oppvaksen med familie på alle kantar. Ho peikar rundt på nabohusa og fortel om onklar, tanter, sysken og syskenbarn. Barndomsheimen til Tove, har dottera Elise overteke.
– Då eg vaks opp, kom det frisør reisande frå Bergen for å klippa hår her på Storebø. Dei lånte kjellaren vår, festa eit dusjhovud på kranen til vasken, og tok imot kundar, fortel Tove. Ho bestemte seg tidleg for at frisøryrket var vegen å gå. Etter framhaldsskulen, reiste ho til Bergen i huspost, og brukte fritida effektivt.
– Eg gjekk til frisørsalongar i Bergen og spurte om dei trong ryddehjelp, og fekk napp hos Randi frisør i Nygaten. Der var salongen over to etasjar, og brudesalong over der igjen, minnast Tove. Dette var ikkje fyrste gongen ho var innom Randi frisør, som var viden kjent for håroppsatsane sine. Då konfirmasjonsbiletet skulle takast nokre år tidlegare, var det nett hit Tove og besteveninna gjekk for å fjonga seg opp.

Les heile saka i Marsteinen. Avisa får du kjøpt her.