apr 272017
 

Henrik Skulstad held oppe avissida frå Fiskeribladet Fiskaren der meldinga frå avsendaren er skriven inn. Bak står Daniel Skulstad, og Mariell og Marius Haugland. (Tekst og foto: May Linn Clement)

Hjelp meg. Eg er 32 år, eg har levd her i 5 år. Slik byrjar brevet Henrik (8) fann i ei flaske.

Brørne Henrik (8) og Daniel Skulstad (10) og syskenbarna deira Mariell (13) og Marius Haugland (8) dreiv på den årlege bossplukkinga si i Hauglandsvågen, då Henrik under litt tang oppdaga ei plastflaske med noko inni.
– Det var langt opp på land, så ho har nok kome inn når det har vore høg flo, resonnerer barna. Etiketten på flaska var vekke, og korken var teipa godt fast.
– Eg fekk han så vidt opp, seier Henrik. Inne i flaska, på ei avisside frå Fiskeribladet Fiskaren datert 22. august 2010, står meldinga med blå tusj:
Hjelp meg. Eg er 32 år, eg har levd her i 5 år. Glad i fisk. Kan såvidt skriva fint. Eg var ikkje på skule før. Eg har ikkje mobil. Eg har lese avisa og kom på flaskepost.
På papiret står namna Nils Johan, Mons Johan og Rasmus – det er ikkje lett å skjønna samanhengen av dei, om det er dobbeltnamn eller om dei eigentleg skal stå åleine.

Les heile saka i Marsteinen. Avisa får du kjøpt her.