apr 292017
 

Pokermiljø avslørt i Austevoll. Foto: Austevoll lensmannskontor.

Fredag slo lensmannskontoret til mot ein pokerring i Austevoll. Lokalpolitiet hadde assistanse frå Bergen, og to menn, som vert rekna som hovudmenn vart pågripne og sett i forvating, opplyser lensmann Per Nordstrand.

– Aksjonen har vore førebudd og nøye planlagd, og me er nøgde med både aksjonen og resultatet.  To personar vert sett på som sentrale og hovedmenn, vart pågrine og satte i forvaring. Me håpar dette bidreg til å stansa slik aktivitet, og til at de som driver med dette skjønner alvoret, seier Nordstrand i ei pressemelding.

Lensmannskontoret har hatt kjennskap til pokerklubben i lengre tid, og har drive etteretning og planlegging for å kunna ha mest mulig kunnskap når dei skulle slå til.  Pokerklubben i Austevoll ser ut til å ha vært kjent og besøkt av mange og svært ulike personer.

– Me har kunnskap om at ungdommar heilt ned i 17-årsalder har vore innom, og me vet at unge har opparbeidd seg gjeld og pengeproblem, opplyser politiet, som omtalar klientellet i klubben som personar nær proffstandard til reine amatørar.

Det er vorte seld alkohol under arrangementa, og politiet har hatt mistanke om at det er omsett og brukt narkotika der.

– Funn me gjorde under aksjonen i går stadfesta fullt ut mistankane våre.  Når klubben tiltrekkjer seg ungdommar, både fra Austevoll og andre stadar, og alkohol og narkotika er tilgjengelig, er det viktig å arbeida grundig og effektivt for å setja ein stoggar, avsluttar lensmann Per Nordstrand.